Solheim besøkjer Sudan etter folkerøystinga

Sist oppdatert: 02/02/2011 //

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er den fyrste norske politikaren som besøkjer Sudan etter den vellykka folkerøystinga om Sør-Sudans framtid i januar i år.

 

Solheim deltek på ein seremoni i Juba der resultata av folkerøystinga blir offentleggjort.  Folkerøystinga er den viktigaste milepælen i den sudanske fredsavtalen frå 2005. Noreg var ein av fødselshjelparane for avtalen, og er framleis ein viktig støttespelar til fredsprosessen. Avtalen kom i stand etter over 20 år med borgarkrig.

 

Solheim vil òg ha samtaler med dei viktigaste politikarane både i Juba og Khartoum om vegen vidare etter folkerøystinga og Noregs rolle.

 

Sudan er det landet i Afrika som mottek mest bistand frå Noreg. I 2009 brukte Noreg 578 millionar kroner på bistand til Sudan.


Kilde: UD Pressemelding   |   Del på nettet   |   print